Foto: Thor Brødreskift. Omslag: Øystein Vidnes. 
Blyant i King Size: Snikkar Yngve Langeland
Denne hausten, 2026, lanserer eg, og Det Norske Samlaget, denne boka. Ei bok det var overraskande artig å skriva. Eg sette meg ned, klar ferdig gå, og bæng, så kom det språkgreier tytande ut frå ei åre eg ikkje heilt visste fanst der. Eg skreiv så knastane fauk, om stort og smått, viktig og uviktig, sjov og ikkje så sjov, personlege opplevingar og universelle fenomen. 
Undervegs i bokskrivinga gjekk det endå meir opp for meg kor kreative, fryktlause og naturlege språkbrukarar me alle er, og ikkje minst har vore. Slike som Bestemor mi, Besto. Ho brukte språket på ein måte som folk i akademia brukar årevis på å analysera og definera og gi innvikla namn. Besto var verdsmeister i både svarabahktivokal, og metatese, utan å ha eit einaste studiepoeng. Ho sa varmå kaffi og at det blas frikst! Og det som den naturlegaste ting i verda. At ho dermed briljerte med både norrøne og protoindoeuropeiske språkutviklingstrekk kunne ho sikkert likt å få vita, men eg trur  ikkje ho hadde brydd seg det fnugg. Og det kan eg lika.
Det same gjeld Fattern sitt sjømannspråk, bortsett frå at han brydde seg, og var språkleg bevisst, kanskje for redda karrieren til sjøs? Den som sa tallerken og bøtta, kunne ein ikkje stola på. Den som sa plett og pøs var til å stola på og kunne stiga i gradene. Og det gjorde Bernhard Eide.
Når ein fyrst vert opphengt språklege fenomen blir ein gåande rundt som eit levande flogepapir for verbale og skriftlege snurrerier, alt festar seg, alt er interessant. I det eg trudde eg hadde skrive meg ferdig med eit tema, kom det gjerne ei sak på radioen som eg aldri hadde festa meg med om det ikkje var for at eg såg parallellen til temaet eg trudde var uttømt. For når du nettop har skrive om homonym og homofon, ja då blir til og med striden om buksereklamen "Sidney Sweeney has great Jeans" knallinteressant.  (sei kampanjeslagordet høgt og innhaldet forandrar seg frå dongeribukse til gener, ore what? – køyr debatt!)
I boka konkluderer eg med at livet mitt er eit språkliv, og at akkurat det gjeld for mange av oss, ja, svært mange.  Og då kan ein vel like gjerne omfamna det livet, la seg imponera og inspirera av alt som finst, og likevel halda fast i seg sjølv. Halda fast i det språket som alltid fanst, og framleis finst, der inne i hjarta ditt. Det språket som er deg. Samma søren. Amen.
FRAMSYNING BASERT PÅ BOKA 
Bøker skal lesast, det er opplagt. Og det vonar eg jo at boka blir, lest. Men eg kjem også til å reise rundt å framføra stoff basert på boka. Forteljingar om kva språket har gjort med meg. Og kva det gjer med oss alle.
Foto: Thor Brødreskift
Oppatt