LINDA EIDE: Har jobba som journalist og programleiar i NRK radio og fjernsyn i over tre tiår. Ho er kjent for personlege programkonsept, som Norsk attraksjon, Smæsj og ikkje minst Eides språksjov som gjorde språk til laurdagsunderhalding, gjennom tolv sesongar. 

Ho har også vore programleiar for lange direktsendingar som Landslova 750 år, Fosse ord for ord, Nordisk prisgalla, med meir. 

Linda skriv bøker og sceneframsyningar, og framfører sjølv det ho skriv. Ho har mottatt ei rekke prisar for si formidling.

Meir om Linda på Hihat Management sine sider
Linda Eide er journalist, forfattar, programleiar og historieforteljar. Fødd og oppvaksen på Voss, busett i Bergen. Etter lang tid i NRK er ho no frittstånde og jobbar i fleire ulike konstellasjonar, men også solo. Ho turnerer med Linda Eide Språksjov, er programleiar for konsertar og framsyningar, lagar spesialsjov, leiar samtalar, held foredrag om tema som klart språk, forteljingas kraft, og engasjerande formidling.  
SCENE
Muffens i posen – Turne Finnmark  og Lille Ole Bull 2024. Og når som helst.
Fosse for dumskallar – tinga til Fossefestivalen 2021.
Gi Jazz!  – tinga til Vossa Jazz 2023.
Linda Eide har ei høne å plukka med Herborg Kråkevik 
– Det vestnorske Teateret og Teater Ibsen (Turné) 2022.
Historisk Moro – turnéversjon av 200 år på to timar 2014 og 2015.
200 år på to timar – Oseana/Festspillene i Bergen 2014.
FJERNSYN NRK1
Norsk attraksjon – underhaldingsserie 24 program 2007-2012
Fosse ord for ord – programleiar saman med Hans Olav Brenner. 2023
Sommarskuta 2021 – Programleiar saman med Ronald Pulk
Sommarbilen 2020 –  Programleiar saman med Herborg Kråkevik.
Nordisk rådS prisutdeling 2018 – Programleiar saman med Hans Olav Brenner 
VINJE rockar – dokumentar om Åsmund Olavson Vinje, 2018. 
BERRE EIN GRIS – dokumentar  2007. Manus og programleiar.
Døden Bak Styret – dokumentar 2005. Manus og programleiar. 
EIDE OG MORRIS – serie, 2000. Nordisk Film for NRK.
PRISAR
Gullruten for beste tv-reportasje 1997
Einar Skjæråsen-prisen 2024 
Riksmålsforbundets språkgledepris 2020
Den store sykkelprisen frå syklistenes landsforbund 2008
Homofrydprisen Bergen 2000​​​​​​​
Prix Radio 1997 og 1998 for beste reportasje
Språk- og dialektprisar frå Noregs Mållag, Noregs Målungdom, og Hordaland Mållag
Oppatt