MELODI GRAND JAZZ
Kva har Radka Toneff til felles med Kirsti Sparboe? Korleis er det muleg at Monica Zetterlund fekk null poeng? Var det jazzen si skuld at Noreg stod for grand prix-historias største juryjuks? Og kva gjorde Jan Garbarek inni ei gassmaske i beste sendetid? Melodi Grand Jazz er eit verbalt og musikalsk fyrverkeri av ein historietime, med det beste frå jazz, populærkultur og fjernsyn
 Melodi Grand Jazz vart tinga av Vossa Jazz og fyrste gong framført på Vossa Jazz i 2018,  Då var Sjur Hjeltnes kapellmester og Sigrid Moldestad var gjesteartist
Sjovet har seinare blitt framført på Maijazz, Jazz på Jølst, Sildajazz og Sortland jazzfestival. Og det kan når som helst stå opp att og gå på scena.

Oj oj oi! Arne Nordheim sin kommentar til Grand Prix.debatten i 1969

oppatt til toppen