Her er fotos og filmsnuttar frå eit utval minnerike oppdrag 
i det aldeles frie kunstfeltet, nokså nyleg.​​​​​​​
Språksjov i XL-format. SKOI! 
Alle fotos: Oliander Taule
25. MARS 2026 Forum Scene  
19.03.2026 Olavshallen i Trondheim
MUSIKK I TUSEN ÅR PÅ UNDER 100 MINUTTAR

Eit oppdrag der eg fekk dukka ned i norsk musikkhistorie, saman med  Trondheim Symfoniorkester og Trondheim Vokalensemble. 
Kveldens dirigent var den fabelaktige Julie Røssland.
Fotos: Kjersti Østerås, TSO
Julie Røssland er rett og slett ei eineståande dirigentbegaving - frå Voss!
Og det var verkeleg givande å jobba tett saman med både ho og programkoordinator i TSO Birgit Hagerup Andersen. Birgit var den som spurte meg på vegner av orkesteret og som heldt i heile konserten, til i ei kvar tid. Verkeleg ein kapasitet som det var læreriktig og moro å jobba med. 
VINTERFESTIVALEN 30 KM KLASSISK. DE FIRE S-ENE
Les patineurs. Skøyeløparvalsen med proffesjonelt amatørorkester!
Les patineurs. Skøyeløparvalsen med proffesjonelt amatørorkester!
Robert Schumann. Klaverkvartett i Ess-dur. Berit Cardas, Henninge Båtnes, Bjørg Lewis, Håvard Gimse
Robert Schumann. Klaverkvartett i Ess-dur. Berit Cardas, Henninge Båtnes, Bjørg Lewis, Håvard Gimse
Nittedal, Kulturverket Flammen, 23.01.26
Berit Cardas og Bjørg Lewis frå Vertavokvarteten ordnar årlege festivalar med skyhøgt kunstnerisk nivå, og herleg låge skuldre. Hyllesten til dei fire S-ane vart ein konsert der all musikken kom frå komponistar som alle har etternamn som startar på S. Og det er forbløffande mange – og gode. Min rolle var konferansier, med blokkfløytefullmakt, og rett framfor nasa, der sat Kay Arne Stenshjemmet (!). 
Ein annleis men klassisk skøytekveld, det vart det. Knallskoi.  
Takk til Berit Cardas & Co, og til den driftige Mariann Torsvik på Flammen

FØRDE INTERNASJONALE MUSIKKFESTIVAL 2025

Eit høgdepunkt i 2025. Fjelltrall goes worldmusic på Førdefestivalen



Folkemusikalsk språksjov på Førde Internasjonale musikkfestival i juli 2026. 
Alle fotos Elin Høyland
GJESTEKURATOR BJØRNSONFESTIVALEN 2025
Gi JAZZ!
Gi JAZZ!
FULL KONTROLL PÅ BAKROMMET
FULL KONTROLL PÅ BAKROMMET
FOSSE FOR DUMSKALLER. NESSET PRESTEGARD
FOSSE FOR DUMSKALLER. NESSET PRESTEGARD
MED MARIT EIKEMO OM LEVING OG SKRIVING
MED MARIT EIKEMO OM LEVING OG SKRIVING
JANNE OG EIDE-SJOV
JANNE OG EIDE-SJOV
SERIØST MORSOMT - OG DET VART DET. KJARTAN FLØGSTAD!
SERIØST MORSOMT - OG DET VART DET. KJARTAN FLØGSTAD!
DEN LITTERÆRE STEMMEPRØVEN. KJERSTI MJØR OG ANDERZ EIDE
DEN LITTERÆRE STEMMEPRØVEN. KJERSTI MJØR OG ANDERZ EIDE
Ei utfordrande oppgåva: Kuratèr seks programposter på Bjørnsonfestivalen. Tenk fritt på tema, folk, innhald. Det vart til 5 knallkjekke dagar i Molde, i lag med kremfolk frå den øvste hylla.
Takk til Johild Kosberg Bredin og Bjørnsonfestivalen for eit beint fram givande oppdrag.
SPRÅKSJOVET PÅ TURNÉ VINTER 2025 
Landomfattande turné vinteren 2025, der me var både nord og sør, aust og vest. For det meste i større kulturhus, og kvar plass med ein lokal strålande gjest. Utruleg skoi, rett og slett!
Premiere på Linda Eide språksjov laiv: 
29.januar 2025 stillte me med full lagoppstilling på scenen og ni hundre i salen.  Miss Tati var gjest, og professore emeritus, Gunnstein Akselberg, slo som vanleg til med bjøllekrans-solo på finalenummeret. God gammal folkeopplysning  er aldri feil!
Oppatt