Velkomen til noko såpass sjeldant som ei lys og lett Fosseforestilling. 

Fosse for dumskallar er forteljingar, analysar og anekdotar om det største fenomenet som nokonsinne har kome frå Hardanger. Verdas fyrste nobelprisvinner med nynorsk som hovudmål! 

Mannen livet og verka. Kven er han, kva skriv han, korleis skriv han. Og ikkje minst: Er Fosse så forbanna utilgjengeleg som folk skal ha det til? 

Dette er dumskallens inngangbillett til Fosseriket. Og jamvel den vidarekomne kan henta med seg nokre nyttige studiepoeng.​​​​​​​
MANUS Linda Eide  MusikaR Sjur Hjeltnes  Speletid 60–75 min.
OGSÅ I SOLOVERSJON
Linda gjer også Fosse For Dumskallar  solo når det passar seg slik. Ho har også smidd til ein fortetta 20 minuttars versjon, som vart fyrste gong framført som ei som opning på Vestlandskonferansen i 2024. 
Det vestnorske teateret, mai 2023
Det vestnorske teateret, mai 2023
Litteratursymposiet i Odda, oktober 2023
Litteratursymposiet i Odda, oktober 2023
Fosse for dumskallar vart tinga av Det Norsk Teatret til Fosse-festivalen 2021. Det var artig å framføra dette før Nobelprisen, og det er ikkje mindre artig no. Folk er definitivt sugne på meir kunnskap om fenomenet Jon Fosse.
Frå Litteratursymposiet i Odda, dagen etter at Jon Fosse vart tildelt Nobels Litteraturpris 2023.  Hardingene var i uvanleg godt humør!
Frå Litteratursymposiet i Odda, dagen etter at Jon Fosse vart annonsert som Nobelpris-vinnar. 
Hardingene var i uvanleg godt humør! Foto Litteratursymposeiet. Odda / Jarle Hovda Moe
Oppatt