I denne verbalmusikalske framsyninga dukkar Linda Eide ned i jazzhistoria. Frå starten på seint 1800-tal og fram til i dag. Og det er ein sann svir. For ei fascinerande historie denne musikksjangeren har gitt oss!
Historia blir fortalt gjennom jazzens mange utrykk og begrep. Rag, Dixie, swing, shuffle, blues, bebop, fusion. Og slik kjem me naturleg til artistar, sjangrar og milepælar. Frå Scott Joplin til Miles Davis, frå swing til fusion. Og med gripende forteljingar om både Billie Holliday og Jan Johanson. For å nemna noko.
Dette er ein historietime det svingar av, både musikalsk og verbalt. Og sjølv om Linda sverger til blokkfløyte, juksar ho litt i saxofonfaget og har oppdaga 80-talets fantastiske instrument: Wind synth.
Gi jazz kan framførast av Linda Eide og Sjur Hjeltnes åleine. Eller saman med ein eller fleire musikalske gjester, på ulike nummer.
Gi jazz vart tinga til Vossa Jazz i 2023. Musikalske gjester då var Kåre Opheim, Berit opheim og Halvor Folgerø. Andre gjester har vore Steinar Raknes, Per Oddvar Johansen, og Annlaug Børsheim.
MUSIKKLIVET OM FRAMSYNINGA (VOSSA JAZZ 2023)
MUSIKKLIVET NRK P2 15.04.2023 OM FRAMSYNINGA, OG INTERVJU