Det er ikkje den historia eg fortel som er den viktigaste, men den du ser for deg. 
Denne påstanden er utgangspunktet for dette foredraget, som er bygd på Lindas erfaringar frå radio, tv, avis, scene, og forfattarskap. Kva skal til folk høyrer etter og let seg riva med. 

"Meirfiksjon" er eit inspirerande foredrag for alle som har noko på hjarta, alle som har noko å fortelja, alle som vil nå fram med formidlinga si. Det handlar om å trigga publikum sin eigen fantasi og forestillingsevne, skapa forteljingar for å nå fram med ein bodskap. Difor handlar det også om uttrykka seg klart, konkret og bildeskapande for å skapa gjenkjenning og oppleving.

Å utnytta krafta som ligg i ei forteljing kan opna auge, skapa erkjenning og gjera ein forskjell.

Dette er eit tankevekkande og underhaldande foredrag med lyd, bilde og forteljing. Det har vist seg å vera eigna seg både på seminar-dagtid og på avslappings-kveldstid. 
Det starta med eit foredrag til Nordiske mediedagar i 2015, sidan har eg halde det for mediefolk, skulefolk, gründerfolk, leiarfolk, arbeidsfolk, og ja, eigentleg alskens folk. Historieforteljing er noko mange er opptekne av, og kjenner seg dratt mot. ​​​​​​​Foredraget har i ti år vore eit fast bidrag til sluttsamlinga for det nasjonale leiarutviklingsprogrammet, på Solstrand. Eg lagar stadig nye ting, men "Meirfiksjon" lever på ein måte sitt eige uforstyrra liv – fordi det nettop handlar om evige prinsipp for god formidling.   
Oppatt