GODT SPRÅK KLAR TALE
KVIFOR GÅR DET SÅ OFTE GALE?
"Det finst heilt sikkert dei som meinar at ein bør kalla ein spade for ein manuell gravereiskap. Men er det ikkje heilt befriande deileg å vita at du faktisk kan, viss du vil, kalla ein spade for ein spade!"
Kvifor endar me så ofte opp med eit språk som skapar avstand, uklarheit, irritasjon, apati?
Og kva skal til for å snu denne språkskuta?
Kall det forvaltningspråk, kall det new public management-språk, kall det leiarspråk, Samma det, poenget er at informasjon og formidling så alt for ofte bommar på målgruppa, og endar i beste fall opp som uengasjerande, i verste fall som forvirrande og missvisande.
Språklova krev at det offentlege skal skriva korrekt og informera forståeleg, tilpassa målgruppa. Det høyrest enkelt ut, men likevel er det lovbrots-bonanza kvar einaste dag. Her må det språkvaskast i kontor og korridor. Linda stiller med kost og krutt, og ikkje minst: Mange lattermilde og pedagogiske eksempel.
Dette foredraget passar for tilsette og sjefer i alle typer verksemder, private og offentlege. Og eigentleg passar det for alle som er interessert i språk, eller som er i kontakt med språk, og det er jo dei fleste det gitt.
Når vart det å køyra tog det same som å produsere mobilitetsmuligheter?
Og når vart dusjing etter gymtimen til ein tilrettelagt garderobesituasjon?
Og kva får me eigentleg att for å omtala alle gamlingar som eldre? Eller seniorar, for den sin del. Gjer slike omskrivingar samfunnet meir menneskeleg, eller skjer faktisk det motsette?
TIL EIN ARRANGØR – EKSEMPEL PÅ OMTALETEKST
KLINKANDE UKLART
Godt språk, klar tale. Kvifor går det så ofte gale?
Kvifor endar me så ofte opp med eit språk som skapar avstand og utestenging, irritasjon og apati? Humørfylt, men med ein alvorleg undertone, syner Linda Eide fram kva eit klart og tydeleg språk faktisk er, og kva som skal til for å gjera all informasjon og formidling meir forståeleg og engasjerande. Det moderne samfunnet treng ein skikkeleg språkvask. Linda Eide stiller med kost og krutt, og ikkje minst: Mange lattervekkande og pedagogiske eksempel.
LINDA EIDE:
Har jobba som journalist og programleiar i nrk radio og fjernsyn i over tre tiår. Ho er kjent for personlege programkonsept, som Norsk attraksjon, Smæsj og ikkje minst Eides språksjov, som gjorde språk til laurdagsunderhalding, gjennom tolv sesongar.
Ho har mottatt ei rekke prisar for si formidling, som Gullruten to gonger, prix radio, kulturdepartementets journalistpris, Christieprisen, Einar Skjæråsen-prisen, årets hordalanding, med meir.