Når Språksjovet ikkje er på full turné, lagar Linda gjerne språksjov saman med Sjur Hjeltnes, som enkeltframsyningar eller spesialsjov. Stundom med gjester og stundom utan. Stundom med professor Gunnsten Akselberg og stundom utan

Orgel spesial på Bodø internasjonale orgelfestival, Valdres spesial på Fagernes og Hallingdal spesial på Ål, er nokre eksempel. Men dei har også snikra saman språksjov på alt frå låver og samfunnshus til restaurantar og drivhus. Kvar scene har sin sjarm.  Og målet er uansett det same: Å opplysa og underhalda og gjera oss alle fascinerte og stolte av språket vårt!
Oppatt