Linda Eide brukar alt ho har lært av fagfolk og lekfolk når ho gyv laus på det fascinerande, fantastiske, herlege, latterlege  og sjukt irriterande fenomenet som omgir oss tjuefiresju: SPRÅKET! ​​​​​​​

Dette er ein vittig og underfundig språkleksjon, i ein beint fram hyggeleg og eksamensfri atmosfære.​​​​​​​
Passar som kveldsunderhalding på ein hyggeleg scene, men har også gjort lykke for over fem hundre seminarheltar, midt på blanke dagen. Målet er uansett det same: Å opplysa og underhalda.
MUFFENS I POSEN
– Ein nokså latterleg norsktime
Namnet på dette på dette sjovet  er henta frå ei herleg feilsnakking på norsk radio, og stilen kom ved eit uhell, på Ogna Scene. Bøylemikken funka ikkje, og eg måtte bruka handhaldt mikrofon, og plutseleg kom eg i ein slags standup-modus, noko eg aldri har drive med. Men det eine tok det andre, publikum heia, og ein knallkjekk kveld vart det. Og etter det vart det turné til Finnmark, forestillingar på Ole Bull i Bergen, og hit og dit, til alt frå kulturhussalar og samfunnshus, til naust og løer. Og sjovet er som språket, i stadig forandring.
Oppatt