VELKOMEN INN DU DER UTE

Hei, og velkomen inn på denne nettsida, som er ein enkel og grei veg til info og innblikk i kva eg driv med for tida. Har du dårleg tid, og vil droppa denne velkomsten, kan du berre gå til Alle Eide-prosjekt, fyrst som sist.
Er du arrangør og treng omtale og fotos så finn du det i omtalen av kvart prosjekt.
Eg jobbar både med lukka og opne arrangement. Foredrag, språksjov, ulike sceneframsyningar, kåsering, programleiing. Men alltid med eit mål om å opplysa og underhalda. Enten det handlar om språk, musikk, Jon Fosse eller mor mi. Eller noko heilt anna.
Novel. Kast loss. Surf i veg. Kjenn deg som heima. Og så kan du når som helst ta kontakt med den utmerka Torill Posner, i det særs sympatiske og bergenske managementet Hihat.