OMTALE: Under parolen språk er sjov! Gyv Linda Eide og Sjur Hjeltnes laus på språklege fenomen, kuriositetar og historier. Dei hyllar og herjar med vår språklege kvardag, og byr inn til språkleg påfyll i ein beint fram hyggeleg og eksamensfri atmosfære! 
Alle fotos Per Finne. Voss kulturhus august 2023
Linda fortel: Sjur og eg har lenge drive med noko me har kalla faktamoro. Me meiner at det som faktisk har skjedd er vel så artig som det som er dikta opp. Og i språkets verden er det mange faktiske historier å ta av. Alt frå skarre-r-en sitt inntog til kneipp-brødets far, Anton Sebastian Kneipp. Sjur sin historie om korleis My Way gjekk frå å vera ein fransk eksistensialistisk poplåt til å bli ein megahit for Frank Sinatra, er ein av mine desidertfaktaitthistorier frå verkhelegheita!