Det er ikkje den historia eg fortel som er den viktigaste, men den du ser for deg.
Denne påstanden er utgangspunktet for dette foredraget, som er bygd på Lindas erfaringar frå radio, tv, avis, scene, og forfattarskap.
"Meirfiksjon" er eit inspirerande og illustrerande foredrag til nytte for alle som vil at folk skal høyra etter. Det handlar om å få publikum til å oppfatta ein bodskap, og engasjera seg i den. Og difor handlar det om uttrykka seg klart, konkret og bildeskapande - og ikkje minst: Å utnytta den krafta som ligg i ei forteljing.
Dette er eit tankevekkande og underhaldande foredrag med lyd, bilde og forteljing. Det har vist seg å eigna seg både på dagtid og på kveldstid.
ALMENNGYLDIG
Foredraget Meirfiksjon eignar seg for alle som skal formidla noskriv, fortel, underviser, formidlar, presenterer, ja alle som har ein bodskap dei vil nå ut med. For enten det er sjefen sin tale på allmøtet, pressemeldinga frå kommunen, journalisten sin rapport, læraren si undervising – målet er det same: At det ein formidlar skal bli oppfatta, hugsa og gi resultat. Og for å oppnå det, må ein skapa gjenkjenning og innleving hjå publikum. Og det å skapa "meirfiksjon" heilt avgjerande for å lykkast.
Fortellingens kraft 2019 sin presentasjon av foredraget
KONTAKT: HiHat Management, gjerne direkte til Torill Posner torill@hihat.no
(epost-lenke nederst på sida her)